Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Heradsfesten: Det store heradssjovet

På vegne av Voss herad byr Linda Eide inn til kommunemoro, kommunemimring og kommunekjærleik.
Gamlekinoen kl. 16 og kl.18.
Kr. 50,-
 

Dato
29. februar 2020
Tid
16:00 - 18:00
Stad
Gamlekinoen

1. januar 2020 slår Granvin herad og Voss kommune seg saman til Voss herad. For å markera denne store hendinga inviterer me til heradsfest helga 28.2 – 1.3.2020

Heradsfesten begynner fredag 28.2.2020 med kulturell festkveld med «noko attåt» i Trudvang i Granvin. Mange store og små musikarar deltek i eit tett og godt program der folkemusikk er den raude tråden, men med andre fargar vove inn.

Laurdagen blir Voss kulturhus fullt av aktivitetar for store og små; songstund, kulturskulekonsertar, kino, kåseri med ein kritisk ettertanke med Victor Normann med meir. Det blir sett opp to framsyningar av Det store heradssjovet av Linda Eide i Gamlekinoen, etterfylgt av offisiell markering av Voss herad i kulturhuset kl. 20.00.
Kvelden blir avslutta med sosialt samvær, konsert og dans i kulturhuset.

Sundagen blir det konsert i Vangskyrkja der Distriktsmusikarane møter Rut Lillegraven.

På Heradsfesten skal alle kunne delta og ingen billettar vil kosta meir enn symbolske 50 kroner.

I tillegg til arrangementa denne helga, vil lag og foreiningar frå begge kommunane bidra med eit breitt program gjennom heile året.

Informasjon om hendinga

Pris vaksen
50

Arrangør

Voss herad