Voss Herad

Heradsfesten: Minikonsert med Twang Gang og Alexander Aga Røynstrand

I 1973 opptredde Rockegruppa SAFT med folkemusikaren Sigbjørn B. Osa under festivalen Ragnarock i Oslo. Konserten vart ein stor og stemningsfull suksess.

46 år ser repertoaret atter dagens lys når Twang gang og Alexander Aga Røynstrand speler si nytolking av konserten til SAFT og Osa.

Dato
29. februar 2020
Tid
21:00 - 22:00
Stad
Kulturhuset

1. januar 2020 slår Granvin herad og Voss kommune seg saman til Voss herad. For å markera denne store hendinga inviterer me til heradsfest helga 28.2 – 1.3.2020

Heradsfesten begynner fredag 28.2.2020 med kulturell festkveld med «noko attåt» i Trudvang i Granvin. Mange store og små musikarar deltek i eit tett og godt program der folkemusikk er den raude tråden, men med andre fargar vove inn.

Laurdagen blir Voss kulturhus fullt av aktivitetar for store og små; songstund, kulturskulekonsertar, kino, kåseri med ein kritisk ettertanke med Victor Normann med meir. Det blir sett opp to framsyningar av Det store heradssjovet av Linda Eide i Gamlekinoen, etterfylgt av offisiell markering av Voss herad i kulturhuset kl. 20.00.
Kvelden blir avslutta med sosialt samvær, konsert og dans i kulturhuset.

Sundagen blir det konsert i Vangskyrkja der Distriktsmusikarane møter Ruth Lillegraven.

På Heradsfesten skal alle kunne delta og ingen billettar vil kosta meir enn symbolske 50 kroner.

I tillegg til arrangementa denne helga, vil lag og foreiningar frå begge kommunane bidra med eit breitt program gjennom heile året.
 

Arrangør

Voss herad