Voss Herad

Ope møte om rullering av restaureringsplan for Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden

Hovudutval for kultur i Sogn og Fjordane vedtok i 2014 restaureringsplanen for verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. No skal planen rullerast, og me ynskjer innspel til det vidare arbeidet.

Dato
20. januar 2020
Tid
17:30 - 19:30
Stad
Njadarheim, Gudvangen (i vikinglandsbyen)

Vestland fylkeskommune har i samarbeid med kommunane Aurland, Voss, Vik og Lærdal, Nærøyfjorden Verdsarvpark og verneområdeforvaltar for Nærøyfjorden landskapsvernområde starta arbeidet med rulleringa av planen.

Eksisterande restaureringsplan omhandlar berre bygningar i verdsarvområdet, men det er mange andre verdifulle kulturminne i området, som også vil ha behov for istandsetjing i tida framover. Difor utvidar me restaureringsplanen og tek med andre typar kulturminne, som til dømes bakkemurar og vegar/stiar.

Målet med møtet er å

  1. gje informasjon om arbeidet med restaureringsplanen
  2. få innspel frå innbyggjarane i verdsarvområdet om kulturminne dei meiner er viktig å ha med i ein slik plan

Me håpar at mange vil delta på møtet og gje oss gode innspel til det vidare arbeidet med planen.