Postliste og innsyn i arkiv i Voss herad

Det er Lov om rett til innsyn i offentleg verksemd (offentleglova)og Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) som styrer retten til å få innsyn i dokument i offentleg forvaltning. Voss herad publiserar dokument på nett i postlista vår. Det tek ca 3 dagar frå eit brev er motteke av heradet til det vert publisert i  postlista.

               

Innsyn Voss herad (Postliste frå 07.06.2022)

Postliste Voss herad 01.01.2020-06.06.2022 

Innsyn i sakshandsaminga aukar innbyggjarane sitt engasjement for lokaldemokratiet, og gjer moglegheit til å kontrollera og påverka heradet si verksemd. Finn du likevel ikkje saka di i postlista kan det ha fleire årsaker. 

Du kan og be om innsyn i dokument som er unnateke offentlegheita ved å kontakta Innbyggjarservice. Heradet praktiserar meiroffentlegheit, og kan gje innsyn etter at tausheitsbelagde opplysningar er sladda vekk. Men berre så lenge resterande del av dokumentet  ikkje gjer eit misvisande bilete av innhaldet, eller at dei sladda opplysningane ikkje utgjer størsteparten av dokumentet.

I enkelte tilfelle kan ikkje heradet offentleggjera dokument i fylgje lovverket, medan det i andre tilfelle skal vurderast.  Krav om innsyn i sak eller dokument må gjelde ei bestemt sak eller i rimeleg utstrekning saker av ein bestemt art.
Dersom du søker om innsyn i personarkiv på vegne av anna person må du ha skriftleg fullmakt om innhenting av opplysingar frå den innsynet gjeld. 

Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker          

Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg forvaltning

Arkivplan Voss herad

 

 

 

Kontakt

Innbyggjarservice
E-post
Telefon 56 51 94 00

Adresse

Voss herad
Postboks 145, 5701 Voss

E-post
postmottak@voss.herad.no

All korrespondanse vert journalført og kan verta publisert i offentleg postjournal

Kommunenummer
4621

Organisasjonsnummer
960510542