Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Aktuelt covid-19

Nok ein gong opplever me strenge tiltak i samband med koronapandemien. Regjeringa har definert tre kommunar  som Ring 1 kommunar som har fått dei strengaste tiltaka, medan nabokommunar til kommunar med pågåande utbrot er blitt definerte som Ring 2 kommunar, slik Voss herad er.

8.februar: Ein tilsett ved Klausabakken barnehage er stadfesta smitta av Covid-19, og det fører til at om lag 50 born vert definerte som nærkontaktar og sett i karantene.

7. februar 2021: Regjeringa har etter oppmoding frå kommunane i vår region innført strenge tiltak. Grunngjevinga er ein uoversiktleg smittesituasjon i samband med mutantvirus.

7.februar 2021 : Voss herad melder om eitt nytt smittetilfelle sundag morgon.  

 

Voss herad melder om tre nye smittetilfelle fredag morgon. 

På grunn av ein feil i systemet har det gått ut sms til mange inbyggjarar i føremiddag ang vaksinering. Denne er feil, og du må sjå vekk frå sms'en.

 

Granvin barne- og ungdomsskule vert stengt ut neste veka - ei rekkje elevar og deira hushaldsmedlemar må i karantene

Me har til no ikkje fått påvist positiv svar relatert til dei prøvene me tok i går og på tysdag.

Kommunane Ulvik, Eidfjord, Voss, Ullensvang, Kvam, Samnanger har i kveld hatt møte med Statsforvaltaren, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet for å oppdatera kvarandre på situasjonen per no og diskutera eventuelle felles tiltak.

Kommunane er einige om at dei nasjonale råda ligg til grunn for å førebyggja smitte. Vidare gjer kvar kommune eigne vurderingar om ytterlegare tiltak er nødvendig i deira kommune ut frå gjeldande smittesituasjon og risikobilete.

Etter at det i går vart informert om mange nærkontaktar på Voss til to av dei som er stadfesta smitta i Ulvik herad, er om lag 40 personar sett i karantene. I tillegg er deira husstandsmedlemar sett  i ventekarantene. Det er gjennomført testing og det vert testing gjennom dagen. Voss herad forventar testsvar i løpet av kvelden og morgondagen.

Smittesporing i Ulvik herad har avdekka mange nærkontaktar i Voss herad. To av dei smitta i Ulvik har vore elevar ved skular i Voss herad. Det fører til mange nærkontaktar. Nokon av nærkontaktane syner allereie symptom på covid 19, og det er venta ein del positive testar dei næraste dagane. Det er påvist at det gjeld den britiske mutasjonsvarianten som er svært smittsam. 

Det er i løpet av dei siste dagane stadfesta 10 tilfelle av koronasmitte i Ulvik herad. Mikrobiologisk avdeling på Haukeland har i dag gjort ein førebels screeningtest, som tyder på at utbrotet er forårsaka av den britiske varianten av viruset. Det er ein samanhang mellom utbrotet i Ulvik og smittetilfelle i Voss og mogleg samanheng i Kvam.

Voss herad melder om tre nye positive Coronavirus-prøvar søndag føremiddag. 

Det vart stadfesta tre nye smitta med Corona-virus i Voss herad torsdag kveld. Alle dei tre har lette eller ingen symptom.

Voss herad er bygd for sterke opplevingar og skodd for krisehandtering. Men ikkje minst er Voss herad bygd for alle. Her er rådmannen si helsing til alle tilsette i Voss herad.

Voss herad følgjer dei nasjonale reglane og anbefalingane - òg for alkoholservering til mat.

3.januar førte nasjonale koronatiltak til at ungdomsskulane i Voss herad gjekk frå gult til raudt smittevernsnivå. Frå onsdag 20.januar vert smittevernsnivået sett til gult. 

18. JANUAR: Regjeringa tilrår framleis heimekontor for alle som har moglegheit til dette. Voss herad følgjer denne tilrådinga, som gjeld inntil vidare. Det vert opp til einingsleiarane å avgjera kven som ikkje kan jobba frå heimekontor.

9. JANUAR: Laurdag ettermiddag vart det stadfesta eitt nytt smittetilfelle på Voss. Vedkomande er elev ved Voss gymnas, og har kome attende etter å ha besøkt familie på Austlandet.

5. JANUAR: Det er registrert eitt nytt smittetilfelle i Voss herad. Vedkomande som har testa positivt sit i innreisekarantene etter å kome attende til Voss frå heimlandet sitt.

I dag, søndag 3. januar er det kome nye reglar, råd og tilrådingar frå regjeringa for å hindra spreiing av koronasmitte. Regjeringa skil mellom reglar nedfelt i forskrift, og tilrådingar. Voss herad har sidan pandemien kom i mars fylgt alle tilrådingar som er kome, sjølvsagt i tillegg til reglane. Dette held me fast ved. Dei nye tiltaka gjeld i første omgang til og med søndag 17. januar.

24. DESEMBER: Det er meldt om eitt nytt tilfelle av korona på Voss. Vedkomande som har testa positivt kom attende til Voss etter eit besøk i heimlandet. Vedkomande har vore i innreisekarantene sidan vedkomande kom til Voss denne veka. Dette er det første smittetilfellet som er registrert sidan 27. november.

Me vil i hovudsak vaksinere med Pfizer vaksina framover. Dersom du ynskjer å verta vaksinert med Moderna vaksina må du ta kontakt med vaksinetelefonen for å avtale dette før du bestiller time. 

Digital registrering vil no kun vere mogeleg for tredje dose med koronavaksina. For alle andre timebestillingar må ein kontakte vaksinetelefonen.

30. NOVEMBER: I løpet av heile sist veke vart det meldt om to nye smittetilfelle i Voss herad. Det siste kom fredag kveld. Den smitta er i familiemedlem til tidlegare smitta, har vore i karantene og har ingen ytterlegare nærkontaktar. 

23. NOVEMBER: Voss herad har fått melding om eitt nytt smittetilfelle. Voss herad har spora smitta, og vedkomande har ingen andre nærkontaktar enn hustandsmedlemar.

22. NOVEMBER: Ungdomstrinnet ved Granvin barne-og ungdomsskule er stengt grunna koronasmitte. To elevar er smitta, og 23 elevar og ni lærarar er sett i karantene.

20. NOVEMBER: Det er meldt om to nye smittetilfelle. Begge var i karantene som nærkontaktar, og smitta er spora attende til smitta som førte til at to legekontor vart stengde for ei veke sidan.

Det er heilt avgjerande at alle som er i karantene, respekterer reglane. Kort fortalt er det at du skal vera heime, ikkje ha besøk, ikkje gå på besøk og ikkje vera i lag med andre.

Voss herad får ein del telefonar frå foreldre som har spørsmål kring kvifor dei ikkje er kontakta i samband med smittesporing av tilfella på Voss ungdomsskule. Det er to kjelder til informasjon som kan hjelpa smittesporingsteamet:

19. NOVEMBER: Torsdag kveld vart det registrert ytterlegare to nye smittetilfelle i Voss herad, noko som gjer at det til saman er tre nye tilfelle i løpet av torsdag 19. november. Det eine tilfellet gjer at ytterlegare ei klasse ved Voss ungdomsskule må i karantene. 

19. NOVEMBER: Voss herad har fått melding om eitt nytt smittetilfelle torsdag 19. november, og driv smittesporing. Voss herad har også fått melding om at Vossamed legesenter opnar att måndag 23. november, etter å ha vore stengt grunna koronasmitte sidan fredag 13. november.

19. NOVEMBER: Voss ungdomsskule vert stengt frå og med torsdag 19. november og til og med onsdag 25. november. Årsaka er at det er smitta elevar i tre klassar, på alle dei tre årstrinna. Dette fører til at mange elevar og tilsette vert sett i karantene, og skulen vil derfor ha digital heimeundervisning fram til og med onsdag 25. november.

18. NOVEMBER: Voss herad har fått melding om seks nye koronatilfelle onsdag 18. november. Tre klassar ved Voss ungdomsskule vert sett i karantene.

18. NOVEMBER: Voss herad har sidan utbrotet i mars halde seg til dei nasjonale råd og retningsliner for smittevern. Grunna mange nærkontaktar i samband med smitte sist veke, vart det innført tre lokale tiltak, som gjeld til og med måndag 23. november.

17. NOVEMBER: Nok eit smittetilfelle vart meldt inn til Voss herad tysdag kveld. Det gjer at totalt vart det stadfesta fem nye smittetilfelle i løpet av tysdag 17. november. Voss herad kjenner smittevegen for alle, og fylgjer opp med å kontakta og testa nærkontaktar.

17. NOVEMBER: I løpet av dagen er det meldt om ytterlegare to stadfesta koronasmitta i Voss herad, noko som gjer at det til saman er meldt om fire nye smittetilfelle i dag. Det eine smittetilfellet var i karantene, og har ingen nærkontaktar. Voss herad jobbar med smittesporing på dei andre. 

17. NOVEMBER: Det er meldt om to nye smittetilfelle i Voss herad. Begge tilfella er spora til eitt av dei to legekontora. Det er framleis stor aktivitet på testsenteret. Voss herad vidarefører alle tiltak utover nasjonale råd og retningsliner, som vart innført fredag til å gjelda til og med måndag 23. november.

Voss herad har fått melding om fire nye tilfelle av covid-19. Tre av desse knyttar seg til legekontora, det fjerde gjer ikkje det. Voss herad jobbar med smittesporing, og vil i også dag testa eit stort tal nærkontaktar også etter smittesporinga søndag. Svar er venta i løpet av dei komande dagane.

15. NOVEMBER: Det er stadfesta tre nye smittetilfelle. Det fører til mange nærkontaktar, og alle som har vore innom Vossamed legesenter måndag, tysdag eller onsdag sist veke, må gå i karantene fram til måndag ettermiddag medan smittesporinga pågår. Alle definerte nærkontaktar vert kontakta av Voss herad i løpet av dagen i dag og i morgon.

Det er meldt om til saman tre nye smittetilfelle så langt laurdag 14. november, Rogne barnehage vert stengd neste veke grunna eitt av tilfella.

14. november: Voss herad har fått melding om eitt positivt prøvesvar. Vedkomande er definert som nærkontakt til eitt av dei to legekontora som er stengde.

Vossamed og Dr. Sæthre sine legekontor er stengt grunna koronasmitte. Dei pasientane som er definert som nærkontakt er eller vil verta kontakta i løpet av dagen i dag eller i morgon.

Voss herad går ut med namn på legekontora etter samtykke frå begge kontora, og håpar at dette reduserer eventuell uro hjå innbyggjarane, og motvirka spekulasjonar.  

12. NOVEMBER: Voss herad har fått melding om fire nye smittetilfelle av covid-19. Eitt av desse vart meldt til heradet onsdag kveld, dei tre andre torsdag.

Det hender det er skilnad på kor mange registrerte smittetilfelle Voss herad melder om, og kor mange som vert meldt i oversikta MSIS frå Folkehelseinstituttet. Det kan skuldast fleire ting.

Det er stadfesta eitt nytt smittetilfelle på Voss. Vedkomande er i isolasjon, nærkontaktane er i karantene

Her er siste nytt om korona, repetisjon av smittevernråd og oppmoding om å ta vare på kvarandre. 

Det vart stadfesta to nye tilfelle av korona i Voss herad søndag 8. november. Begge desse er utanlandske arbeidarar, som var i karantene. Etter at testresultatet var klart, er begge overført til isolasjon.

6. november: Det er stadfesta nok eitt tilfelle av korona i Voss herad. Dette personen er også nærkontakt av vedkomande som vart stadfesta smitta tidleg denne veka. 

Det var tysdag 3. november stadfesta nok eit smittetilfelle i Voss herad. Vedkomande har milde symptom, og er i isolasjon. Dette tilfellet er nærkontakt til vedkomande som vart stadfesta smitta måndag.

Voss herad jobbar no me smittesporing.

Det er stadfesta eitt nytt tilfelle av korona på Voss. Vedkomande er truleg smitta i Bergen, og er i isolasjon med milde symptom. Voss herad jobbar med smittesporing.

Voss herad tilrår bruk av munnbind på alle kollektivreiser mellom Voss og Bergen. Dette gjeld i situasjonar der det ikkje er mogleg å halda ein meter avstand. Voss herad tilrår også bruk av heimekontor, der det er mogleg, for innbyggjarar med arbeidsplass i Bergen, og for dei som pendlar mellom Bergen og Voss.

Det er stadfesta to nye smittetilfelle i Voss herad. Talet på registrerte smitta sidan utbrotet i mars er 54, 28 av desse er registrerte frå august.

Frå onsdag 28.oktober vert koronatest gjennomført frå ei luke i veggen på testsenteret i Lekvebakken 15B, ikkje gjennom vindauga på bilen slik det har vore gjort tidlegare.

Det er aukande smitte i samfunnet, og det er viktig at alle gjer sitt for å hindra smitte. Er du usikker på når born, unge og vaksne skal vera heime eller kan gå på skule og barnehage? Her får du svaret, last gjerne ned og skriv ut plakaten.

Det er sidan utbrotet av korona registrert 52 smittetilfelle i Voss herad. 24 av desse er registrerte i mars, 11 i august, 10 i september og 7 så langt i oktober. 

Ein bebuar på Vossestrand Omsorgstun har fått påvist korona. Vedkomande er utan symptom, men vart testa i samband med overføring til ein institusjon i ein annan kommune.

Det er frå no mogleg å tinga koronatest digitalt, utan å ringja koronatelefonen. Telefonen vil vera open for dei som ikkje vil tinga digitalt, eller har spørsmål. Klikk her for å tinga test: Tinging av koronatest 

To nye personar som vart testa på Voss i går, har fått stadfesta at dei er smitta av kononaviruset.

Sidan laurdag kveld er det registrert tre nye smittetilfelle av covid-19 i Voss herad. Det eine vart stadfesta søndag, og er spora til eit opphald i utlandet. Vedkomande er isolert.

Tysdag vart to nye smittetilfelle også stadfesta. Desse to er nærkontaktar til den eine av dei to smittetilfella som vart stadfesta laurdag 19. september, og er i isolasjon.

Laurdag kveld vart det stadfesta to nye smittetilfelle i Voss herad.

Ein tilsett i ein barnehage har fått påvist covid-19. 18 born og alle tilsette i barnehagen vert sett i karantene, og vil verta testa fortløpande og så snart som mogleg.

Trass i at Voss herad har kontroll over smittesituasjonen, opplever me at det kjem positive prøvesvar. Sidan august har me registrert elleve tilfelle, seinast eitt tilfelle denne veka.

Ein person i Voss herad har testa positivt for covid-19. Vedkomande vart smitta under eit besøk i Bergen i slutten av august, og er no isolert med lette symptom. Voss herad jobbar no med smittesporing.

I august og september er det registrert elleve smittetilfeller i Voss herad.

Det er oppretta ei ny eingongs tilskotsordning på kroner 200 000,- til kulturlivet i Voss herad for å kompensera for tapte inntekter som fylgje av koronaepidemien.

Søknadsfrist 1. oktober 2020

Det vart onsdag meldt om eitt nytt tilfelle av covid-19 i Voss herad. Vedkomande testa positivt på Gardermoen, etter å ha kome attende frå ei reise til utlandet. Vedkomande har fylgt retningslinene, reist heim og vore i karantene sidan testen vart gjort. Vedkomande er no i isolasjon heime.

Voss herad er i gang med smittesporing.

Det er førebels ikkje meldt om nokon nye positive testresultat for covid-19 i Voss herad. 

Prøvesvar som er venta i løpet av helga vil i stor grad definera storleiken på det lokale utbrotet av covid-19. Dette vil også vera avgjerande for kva tiltak som vert innført.

Alle som har vore i nær kontakt med ein smitta person, skal vera ti dagar i karantene, sjølv om dei ikkje får påvist smitte.

Torsdag kveld vart det stadfesta nok eit tilfelle av Covid-19 i Voss herad. Dette tilfellet er ikkje relatert til dei tre tilfella som det vart meldt om tidlegare, og som har ført til at 18 born og fem barnehagetilsette er i karantene. Voss herad stengjer no Granvin sjukeheim for besøkande.

Det er stadfesta tre nye koronatilfelle i Voss herad, alle med relasjon til smittetilfellet som vart meldt tysdag 18. august.


 

Hald avstand, vask eller sprit hendene ofte, host i armkroken og hald deg heime om er sjuk. Desse fire enkle reglane alle må halda seg til for å unngå smittespreiing. 

Måndag ettermiddag vart det klart at ein femte person har testa positivt for Covid-19 i Voss herad så langt i august. 

Fredag ettermiddag vart det klart at ein tredje person har testa positivt for Covid-19 på Voss på under ei veke. 

Nok ein person har testa positivt for Covid19, den andre positive testen sidan mars. Det nye tilfellet kan sporast til tilfellet som vart avdekka før helga.

For fyrste gong sidan mars har ein innbyggjar på Voss testa positivt for Covid-19. Testen vart tatt på testsenter til Voss herad i går. 

Frå og med veke 33, måndag 10.august auker opningstidene på testtelefonen igjen etter noko redusert opningstid grunna ferieavvikling. Tal testdagar per veke vil og stige i tråd med eit aukande behov. 

Ein ny koronakrisepakke for frivillige lag og organisasjonar er klar. Formålet med ordninga er å kompensere frivillige organisasjonar som har betydelege inntektstap frå arrangement eller anna spesifisert aktivitet, som følgje av pålegg eller råd gitt av staten i samband med COVID-19-utbrotet.  

Nedanfor er det ei rekkje lenker til plakatar til bruk på skjenkestadene i høve smittevern.

NAV Voss opnar for drop-in frå tysdag 16. juni.

Koronautbrotet har hatt stor påverknad på helse- og omsorgstenestene i Voss herad. Her kan du lesa om dei ulike tenestene og korleis dette vert i tida som kjem.

Voss herad har bestemt ytre rammer for korleis skuleopninga skal organiserast. Dette sikrar at alle elevane i Voss herad får same tilbod, men at skulane får tilpassa organiseringa etter lokale tilhøve på den enkelte skule.

Aktivitetsverksemder som har vore stengd grunna korona kan opna for drift på eiga initiativ, så lenge verksemda sjølv meiner dei kan ha på plass forsvarlege smitteverntilta, og ikkje er omfatta av påbod om stenging frå nasjonale styresmakter.

Det er ikkje registrert nye smittetilfelle i Voss herad. Barnehagar er opna, hyttforbod er oppheva og neste veke opnar også skulane. Men det betyr ikkje at me kan slutta med tiltaka for å hindra smittespreiing.

Per 01.01.21 er NAV sitt mottak ope tysdag og torsdag kl 12.00-14.00, men opningstider kan bli endra på kort varsel i samband med koronasituasjonen. 

Måndag opnar me barnehagane att, og ynskjer alle born velkomne attende. I starten vil det vera noko redusert opningstid, frå kl 08:00-16:00

 Voss er på lik line med mange kommunar hardt råka av koronakrisa. Ekstra krevjande er det for kommunar som i stor grad har eit sesongbasert næringsliv.

Det vert ikkje tradisjonell 17. mai-feiring med barnetog og folketog i år. Det vil ikkje vera mogleg å gjennomføra tradisjonell feiring og samtidig overhalda retningsliner og råd for smittevern.

Kommuneoverlegen i Voss herad har vedteke å ikkje forlenga vedtaket om stenging av overnattingsstader lenger enn til og med 19. april. Det betyr at hotell, campingplassar, utleigehytter for kortidsutleige og liknande kan opna att 20. april. I same vedtaket vert skiheisanlegg i Voss herad  stengt ut vintersesongen 2019/2020. 

14. april kan frivillige lag og organisasjonar søkja om kompensasjon for korona-avlyste, utsette eller stengte arrangement. Fordi det er kort søknadsfrist, er det lagt til rette for at søkjarane kan bruka tida fram mot 14. april på å førebu seg.

Regjeringa opnar gradvis opp dei strenge tiltaka som vart innført 12. mars. Mellom anna opnar barnehagane 20. april, og skulane på 1.-4. trinn 27. april.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, DSB, har i samarbeid med Medietilsynet, Politiets tryggleiksteneste (PST) og Politidirektoratet (POD) laga faktaarket «Slik avslører du falske nyheter». Føremålet er å auka evna som den enkelte av oss har til å avdekke falske nyhende og annan desinformasjon med potensiale til å skape mistillit til styresmaktene, media og vitskap.  

700 meter stoff og over 50 frivillige produserer no smittefrakkar på løpande band til helsetenestene

Me går inn mot ei høgtid, og har samla ei liste over telefonar og nettsider som barn og unge kan kontakta om dei treng nokon å snakka med eller spørja om ting som er vanskeleg.

Det er mykje informasjon om korona som kjem, og det kan vera krevjande å halda seg heilt oppdatert. Under finn du samla avgjerder og tilrådingar om smittevern frå Helsedirektoratet, gjeldande forskrift om smitteverntiltak, som mellom anna seier kva verksemder som staten har pålagt å stengja. Du finn også flytskjema som syner kriteria for testing av både helsepersonell og befolkninga elles. Alle desse er styrande for korleis Voss herad handterer koronautbrotet.

Det vert ikkje ei vanleg påske, men det vert påske. Ordførar Hans-Erik Ringkjøb helsar til både tilsette, innbyggjarar i Voss herad og hytteiegarar.

 

Voss interkommunale legevakt er flytta ut frå Voss Sjukehus til Lekvebakken 15B. Klikk på biletet for å sjå det stort

Fylkesmannen ber om at alle som har spørsmål kring forskrift om forbod mot overnatting på hytte, vender seg til denne sida: https://www.fylkesmannen.no/vestland/helse-omsorg-og-sosialtenester/smittevern/koronavirus/hytteforskrifta/

Her finn ein også e-postadresse om ein ynskjer å senda inn spørsmål.

Alle som vender seg til Voss herad om dette, vil no verta vist til Fylkesmannen si side. 

Voss herad har hatt stor nytte av tidlegare undersøking. Med ein situasjon i kontinuerleg og dramatisk endring er det viktig for Voss herad å ha mest mogleg oppdatert informasjon om korleis næringslivet i regionen vert råka. Det er svært viktig å få svar frå både store og små verksemder og frå ulike bransjar. Resultata vert brukt vidare i den eksterne kommunikasjonen om alvoret og i dialog med regjeringa.

Svarfrist i dag kl 21.00. Det tek om lag 3 minutt å svare, alle svar er konfidensielle.

På førehand takk for at du tek deg tid

Undersøkjing del 2

I kveld torsdag 2. april kl. 20.00 arrangerer avisa Hordaland nettkonsert med dei lokale musikarane Irene Tillung, Olav Undeland og Kåre Opheim. Konserten vert streama på www.avisa-hordaland.no frå lokala til Voss Lyd.

Det er ikkje registrert nye tilfelle av koronasmitte i Voss herad så langt denne veka. Talet på stadfesta smittetilfelle er 25 sidan pandemien braut ut.