Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Alle over 65 år får tilbod om tredje dose av koronavaksina

Alle over 65 år får tilbod om tredje dose av koronavaksina

Regjeringa har vedteke at personar som er 65 år og eldre skal få tilbod om ein tredje dose med koronavaksina. 

    

Målet med oppfriskningsdosar er å auke og forlenge beskyttinga mot alvorleg sjukdom, samt betre beskyttinga mot nye variantar av viruset.

Me fylgjer nasjonale anbefalingar og retningslinjer og vil tilby tredje dose til aldersgruppene over 65 år. På grunn av influensavaksinering vil tilbod om dose tre i hovudsak ikkje starte opp før i veke 45.  Dei to vaksinane kan ikkje verta gitt samstundes. FHI anbefalar eit minimumsintervall på sju dagar mellom dei ulike vaksinetypane. Det vil seie at dersom du har teke influensavaksine må det gå minst sju dagar før du kan ta koronavaksina.

Det skal gå minimum seks månadar mellom andre og tredje dose med koronavaksina.

Vaksineringa vil fylgje same prioriteringsrekkefylgje som fyrste dose, altså dei eldste og bebuarar i institusjon/ omsorgsbustad fyrst:

  • Personar som bur på institusjon/ omsorgsbustad og innbyggjarar over 85 år
  • Innbyggjarar i aldersgruppa 84- 75 år
  • Innbyggjarar i aldersgruppa 74- 65 år

Korleis gå fram for å melde di interesse for tredje vaksinedose?

Alle som ynskjer tredje vaksinedose må registrere seg på nytt i Helseboka.

Registrer deg på nytt i Helseboka her

Me oppmodar pårørande og andre til å hjelpe til med registreringa. Ein kan også ta kontakt med vaksinetelefonen Voss herad for hjelp til registrering. Vaksinetelefonen er open måndag – fredag kl 09- 12 . Telefonnummer er 900 89 662

Personar som bur i institusjon og omsorgsbustad vil få tilbod om vaksina der dei bur og treng ikkje registrere seg digitalt.

Personar med nedsett imunnforsvar treng ikkje registrere seg digitalt for tredje dose

Innbyggjarar som allereie er anbefalt 3. dose av vaksinen fordi dei har nedsett immunforsvar, kan ta direkte kontakt med vaksinetelefonen for bestilling av time. Det er ikkje krav om 6 månadar intervall mellom dose 2 og 3 for denne gruppa. 

Les meir om 3. dose til deg med alvorleg svekka immunforsvar på FHI her

Viktig informasjon

Frå og med 08.10.21 vil det kun vere høve til å registrere seg digitalt for dose 3, samt for born 12- 15 år. For timebestilling til fyrste eller andre dose må ein ringe vaksinetelefonen.

Kontakt

Vaksinetelefonen
Telefon 900 89 662

Mån-Fre 09 - 12.