Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Avviklar lokal forskrift søndag.

Avviklar lokal forskrift søndag.

Voss herad avviklar lokal forskrift, tiltak og tilrådingar som går utover nasjonale retningsliner ved midnatt søndag 19. september. Det betyr også at skular og barnehagar kan gå attende til grønt nivå.

Regjeringa varsla i dag, 17. september, ein nedjustert TISK-strategi frå 27. september. TISK står for testing, isolasjon, smittesporing og karantene. TISK har vore strategien som har vore gjeldande for å slå ned smitte under pandemien.  

Nedjustert TISK betyr mellom anna at smittekarantene for husstandsmedlemer og tilsvarande nære, kan erstattast med eit heimetestregime.  

Voss herad styrer mot nedjustert TISK-strategi i to trinn: 

  1. Noverande lokal forskift og lokale tilrådingar vert avvikla når dei går ut natt til måndag 20. september. Det betyr mellom anna at skular og barnehagar kan gå attende til grønt nivå, og elevar og born slepp smittekarantene dersom sjølvtesting vert gjennomført etter nasjonale retningsliner.  
  2. Den nedjusterte TISK-strategien for husstandmedlemmer som er omtala over vil tre i kraft 27. september.  

 

Frå 27. september vil Voss herad avgrensa oppfylginga av smitta til å forsikra oss om at den smitta veit at han eller ho har testa positivt ved at me instruerer om isolasjon. Det betyr mellom anna at heradet avsluttar smittesporing knytt til kvart enkelt smittetilfelle.  

 

Voss herad vil syta for hurtigtestar til skular og barnehagar med stadfesta smitte, for sjølvtesting eller heimetesting av eksponerte elevar/born, og til eksponerte privatpersonar og husstandsmedlemer. Me kjem attende med meir informasjon om det praktiske kring dette. Alle som testar positivt på ein hurtigtest, må tinga PCR-test for å stadfesta diagnosen.

Testsenteret i Lekvebakken skal utover det berre nyttast til testing av personar med etablerte luftvegssymptom.