Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Fem smittetilfelle i Voss herad onsdag

Fem smittetilfelle i Voss herad onsdag

10. februar: Voss herad har fått meldt fire nye smittetilfelle i kveld, totalt fem i dag.

Ein tilsett ved Vangen skule har testa positivt. Dette påverkar i hovudsak elevar frå ein enkeltklasse samt nokre lærarar. Desse må i karantene og husstandsmedlemmene deira må i ventekarantene. Dei det gjeld vil få melding frå skulen og vil i tillegg verta kontakta av heradet i morgon for testing. 

Utover dette har tre enkeltpersonar i heradet testa positivt. Desse tilfella fører til få eller ingen nye karantenar. 

Voss sjukehus meldte tidlegare i dag om ein femte vossing som har testa positivt; personen er tilsett ved sjukehuset.