Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Framskunding av dose 2 og status korona veke 32

Framskunding av dose 2 og status korona veke 32

Voss herad opnar no opp for at alle som har teke vaksinedose 1 for minimum 21 dagar sidan kan framskunda time til dose 2 dersom det føreligg ledige timar framover.

Viktig informasjon - Framskunding av dose 2 av Covid- 19 vaksine.

Voss herad opnar no opp for at alle som har teke vaksinedose 1 for minimum 21 dagar sidan kan framskunda time til dose 2 dersom det føreligg ledige timar framover.

Det er svært viktig at det har gått minimum 21 dagar mellom fyrste og andre dose. Kortare intervall vil ikkje gje grønt koronasertifikat.

Her følgjer me fyrstemann til mølla- prinsippet. Det vil verta lagt ut nye timar fortløpande etterkvart som heradet mottek informasjon om vaksineleveranse framover.

For å endra time loggar du inn på Helseboka.no. NB! Ikkje bruk app.

Du endrar time ved å trykkja på opphaveleg timeavtale som gjeld dose 2.

Det er svært viktig at du mottek SMS med bekrefting på at time er endra. Ein skal også få SMS med påminning om time 24 timar før timeavtale.

Me minner om at born mellom 12- 15 år med alvorleg underliggande sjukdom (dvs. organtransplantasjon, immunsvikt, hematologisk kreftsjukdom siste fem år, annan aktiv kreftsjukdom, nevrologiske sjukdomar eller muskelsjukdomar som fører til nedsett hostekraft eller lungefunksjon (for eks. ALS og cerebral parese), Downs syndrom og kronisk nyresjukdom eller sterkt nedsett nyrefunksjon) kan tinga vaksinetime ved at foreldra deira tingar time for dei.

Vaksinasjon vil verta gjennomført i Voss idrettshall også i veke 33. Me kjem tilbake med informasjon om kor vaksineringa vil finne stad utover hausten 

 

Status korona veke 32

Me har sett 630 doser med Pfizer-vaksina denne veka.

Me har til no sett til saman 15110 doser med Pfizer og 334 dosar med Astrazeneca

I veke 33 vil me få 1350 doser av vaksinen Pfizer

Me har tatt 201 Covid-tester sist veke der tre vossingar og ein bergensar har testa positivt.