Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Framskunding av dose 2

Framskunding av dose 2

Systemet Helseboka opnar no opp for at innbyggjarar sjølv kan endre tidspunkt for dose 2.

 

Voss herad til gå ut med informasjon kvar fredag om eventuelle ledige timar for den komande veka.

Me har no ledige timar til vaksinering i veke 33 som kan nyttast til framskunding av dose 2 for dei som ynskjer dette. Tilbodet gjeld for dei som allereie har time til dose 2 i September månad. Her vil «fyrstemann til mølla» prinsippet gjelda.

Du må logge inn på Helseboka og sjølv endra timen. (NB-Ikkje bruk app)

Viktig informasjon: Hugs at det må vera minimun 21 dagar mellom dose 1 og dose 2. Det er ikkje tilrådd at det går lenger enn 15 veker mellom dose 1 og dose 2.

 

Me minner og om at alle over 18 år som har registrert seg i vaksinekø har no fått tilbod om time til vaksine per SMS. Dersom du trass i dette ikkje har motteke SMS, ber me deg ta kontakt med vaksinetelefonen i Voss herad, tlf 90089662.

 

Voss herad vil prioritera tildelte vaksinedoser framover slik:

1. Dose 2 til dei som etter planen skal få dose 2

2. Dose 1 for de som ikkje har fått denne, uansett årsak.

3. Framskunda dose 2. Dei som har venta lengst  sidan dose 1 skal som hovudregel prioriterast fyrst.