Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Info om koronasituasjonen i Voss herad veke 10 (per torsdag):

Info om koronasituasjonen i Voss herad veke 10 (per torsdag):

11. mars: 

Legemiddelverket og FHI har sett all vaksinering med AstraZeneca-vaksina i Noreg på vent. Det gjeld sjølvsagt også i Voss herad.

Tal nye smitta: Ingen registrerte smitta i heradet så langt denne veka

Testing: Ca. 170 testa. Ein god del av testane et knytt til vossingar som i vinterferien har hatt utandørs kontakt med bergensarar som i ettertid har vist seg å være smitta. Dei har av den grunn vorte kontakta av smittesporingtenesta i Bergen

Nye reglar: Ingen 

Smittesituasjonen i vår region og i landet: Me registrerer eit større smittetrykk i hovedstaden samt aukande smitte blant unge i Bergen

Grunnleggjande smitteverntiltak: Hald avstand, bruk munnbind der det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand, test deg og hald deg elles heima frå jobb og skule om du har luftvegssymptom, vask/sprit hendene og host i olbogekroken om du må.