Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Ingen positive testresultat etter testing i skule og barnehage

Ingen positive testresultat etter testing i skule og barnehage

11.FEBRUAR: Voss herad har tidlegare rapporterT om smitte både ved Granvin barne- og ungdomsskule og ved Klausabakken barnehage.

Granvin barne- og ungdomsskule vart steng, medan to kohortar i Klausabakken barnehage og om lag ti tilsette vart sett i karantene. I tillegg vart hustandsmedlemar av nærkontaktar sett i karantene.

No føreligg testresultata, og det er ikkje påvist smitte mellom dei som er blitt testa. Dette er godt nytt, og det understrekar kor viktig det grunnleggjande smittevernet er. All honnør til barnehage og skule for den jobben dei har gjort!

Bakgrunnen for at me no legg til grunn at ingen er smitta er at me vanlegvis får meldt positive prøvesvar mellom 24 og 48 timer etter test.