Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Koronainfo 10. september

Koronainfo 10. september

Det er sidan sist fredag registrert 7 nye smittetilfelle. I same tidsrom er det sett 721 dosar med Pfizer. Pr fredag føremiddag er 607 personar testa for korona.

Tidlegare i veka meldte Voss herad at tiltak og tilrådingar som vart innført 23. august vert vidareført til og med søndag 19. september. Du kan lesa meir om desse tiltaka og tilrådingane her: Vidarefører lokale tiltak og tilrådingar