Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Koronainfo 26. august

Koronainfo 26. august

6. september startar Voss herad opp med vaksinering av 16- og 17-åringar. 

Det er framleis aukande smittetrend i Voss herad. Frå 21.-25. august er det meldt om 18 nye smittetilfelle. Auka smitte får ein del konsekvensar, særleg for elevar og tilsette i skule og barnehage som er nærkontaktar.

Voss herad har tatt 1173 testar mellom 19. og 25. august.

Vaksine til 16- og 17-åringar

Voss herad førebur no vaksinering av 16- og 17-åringar i heradet. Alle som er fødde i 2004 og 2005 vil få tilbod om vaksine. Me startar opp med å vaksinera denne gruppa i veke 36, altså frå måndag 6. september.

Tilbodet om vaksine gjeld alle født i årskull 2004 og 2005. Personar som er fylt 16 år vert rekna som helserettsleg myndig, og kan sjølv gi samtykke til vaksinasjon. For dei som er født i 2005 men enno ikkje er fylt 16 år må det innhentast samtykke frå begge føresette. Skjema til samtykke til vaksinasjon finn du her: Samtykkeskjema (frå FHI) (PDF, 51 kB)

Ta med ferdig utfylt skjema for samtykke når du møter til vaksinasjon.

  • Alle som ynskjer vaksine må registrere seg i Helseboka.no.
  • I utgangspunktet er det berre personar som er folkeregistrert i Voss herad som kan registrera seg, men elevar som går på skule i heradet vil også få tilbod om vaksine.
  • Registrering i Helseboka krev tilgang til BankID.  Dersom ein ikkje har tilgang til bankID kan foreldre/ føresette registrere på vegne av barnet.
  • Trykk her for registrere deg for vaksine: https://helseboka.app/helseboka/checkin/staff/478038/login

16 og 17 åringar vil få tilbod om vaksine i veke 36. Me oppmodar alle som ynskjer vaksine om å registrere seg så snart som råd, samt at ein nyttar tilbod om timebestilling så snart ein mottek dette via sms. 16-17- åringane vert anbefalt eit intervall mellom fyrste og andre dose på 8- 12 veker. Det vil seie at ein skal bestille time til dose 2 tidlegast 8 veker etter dato for dose 1.

Vaksinering i løpet av siste veke

  • Me har sett 840 dosar med vaksinen Pfizer og 790 dosar med vaksinen Moderna denne veka.
  • Me har til no sett tilsaman 17.276 dosar med vaksinen Pfizer, 334 dosar med Astrazeneca og 790 dosar med vaksinen Mod36, altså frå Moderna.
  • Totalt har me sett 18400 dosar med vaksinar.
  • I veke 35 får me levert 66 dosar med vaksinen Pfizer. I tillegg skal 1510 dosar med vaksinen Moderna som me løyver frå veke 33 fordelast utover dei komande vekene.

Me minner på nytt om at dersom du har registrert deg i vaksinekø og ikkje motteke sms med invitasjon til å bestille deg time, ber me deg om å ta kontakt med vaksinetelefonen; 9089 662

Me oppmodar innbyggjarar til å sjølv framskunde time til dose 2. Minimumsintervall mellom dose 1 og 2 for personar fylt 18 år er 4 veker. Du endrar sjølv time til dose 2 ved å logge deg inn på Helseboka.no (ikkje bruk app) Ved behov for hjelp kan du ta kontakt med vaksinetelefonen. Telefonen er bemanna måndag- fredag 09- 12

Frå veke 34 vil Voss herad vaksinere med både Pfizer ( Comirnaty) og Moderna ( Spikevax) vaksinen. Me minner om at ein ikkje har høve til å velja kva vaksinetype ein ynskjer å verte vaksinert med, og ber om at ein ikkje kontaktar vaksinetelefonen med slike henvendingar. Du kan lese meir om kombinasjon av mRna- vaksiner her: Det går bra å kombinere mRNA-vaksiner - FHI.

Ikkje karantenefritak.

Som tidlegare meldt har Voss herad fjerna karantenefritaket  for elevar i både grunnskule og vidaregåande skule samt  for barnehageborn. Det betyr at alle som er nærkontakt til ein smitta må vera heime i karantene i 10 dagar med moglegheit for å testa seg ut med PCR-test etter en uke. Denne endringa vert no heimla i lokal forskrift.