Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Normal kvardag med auka beredskap

Normal kvardag med auka beredskap

Laurdag kl 16 går samfunnet over til normal kvardag med auka beredskap. Det betyr at dei fleste avgrensingane som vart innført 12. mars i fjor vert oppheva. Auka beredskap handlar mellom anna om oppfylging av dei som vert smitta.

Når restriksjonane vert oppheva laurdag 25. september kl 16, går me alle attende til ein normal kvardag, slik det var før 12. mars 2020. Men kvardagen er med ein auka beredskap, som mellom anna inneber ein nedjustert TISK-strategi, altså oppfylging av smitta.

Dette inngår i ein slik strategi:

  1. Alle som testar positivt for Covid-19 må som tidlegare vera i isolasjon. Kommuneoverlegen eller andre representantar for heradet sitt smittesporingsteam vil framleis etablera kontakt med nye smitta for å sikra at den som vert smitta veit korleis han eller ho skal opptre. I tillegg vil heradet sikra at me får ei oversikt over den smitta sine husstandmedlemar. Med husstandmedlemar meiner me også tilsvarande nære.
     
  2. Fullvaksinerte husstandmedlemar er fritatt for smittekarantene dersom nokon i husstanden vert smitta. Det same gjeld delvaksinerte husstandmedlemar som vert eksponert for Covid-19 i perioden 3 til 15 veker etter første dose er sett samt dei som har gjennomgått Covid-19 siste 12 månadar.
     
  3. Uvaksinerte husstandmedlemar kan testa seg ut av karantene. Dei det gjeld kontaktar test-senteret i vanleg opningstid og mottar eit test-sett for heimetesting (hurtigtestar). Heimetesting skal gjerast dagleg i sju dagar. 
    - Dersom husstandmedlemen testar positivt på heimetest i perioden tek vedkomande kontakt med testsenteret i vanleg opningstid for å få diagnosen verifisert med PCR-test. 
    - Dersom husstandmedlemen testar negativt i sju dagar opphøyrer testregimet. Dersom husstandmedlemen ikkje kan/vil testa seg i sju dagar, må vedkomande sitja i ordinær smittekarantene.

    Det same gjeld dersom det ikkje er mogleg å unngå vidare eksponering frå den smitta, til dømes ved tronge eller felles butilhøve.
     
  4. Alle andre nærkontaktar av den smitta utover husstandmedlemar (medelelevar, jobbkollegaer osb.) er fritatt for smittekarantene og har ikkje plikt til å testa seg, men vert oppmoda om å oppsøkja teststasjonen i vanlig opningstid for å få utlevert to sjøvtestar (hurtigtestar) som skal gjerast med eitt døgns mellomrom heime. Dersom ein skuleklasse eller barnehage er eksponert vil ein representant for skulen eller barnehagen kunne få utlevert hurtigtestar til hele klassen eller barnehagen på testsenteret.  Ved positiv heimetest skal vedkomande ta kontakt med testsenteret i vanleg opningstid for å få diagnosen verifisert med PCR-test.
     
  5. Nærkontaktar til smitta, anten det gjeld husstandmedlemar eller andre nærkontaktar, minner me om at det er viktig med  basalt smittevern. Den enkelte kan vera smitteførande sjølv om ein ikkje er pålagt karantene.
     
  6. Alle som får luftvegssymptom som er kan stemma med mistanke om Covid-19 vert oppmoda som før til å tinga PCR-test på testsenteret, fortrinnsvis via nett-bestilling. Dette gjeld også vaksinerte som opplever symptom.

Vaksinering og testing

Pr. torsdag 23. september er det sett 20.542 dosar med koronavaksine i Voss herad. Siste veka er det sett 437 dosar. Testsenteret har testa 227 personar sidan sist fredag.

Dessverre opplever me at svært mange ikkje møter til tildelt vaksinetime. Fleire av desse er personar som er sett opp til dose 2, og som har fått dose 2 i ein anna kommune. Det er likevel svært viktig at ein avbestiller time dersom ein ikkje kan møta. Ein avbestiller sjølv på helseboka.no inntil 24 timar før oppsett time. Eventuelt kan ein ringja vaksinetelefonen på nr. 900 89 662.

Oppdatert informasjon om dose 3

Informasjon om vaksine av born i aler 12-15