Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Nytt smittetilfelle i Voss herad tysdag morgon

Nytt smittetilfelle i Voss herad tysdag morgon

9. februar: Voss herad melder om eitt nytt smittetilfelle på morgonen. Tilfellet kan sporast tilbake til sjukehuspasienten heradet meldte om før helga, men er ikkje knytt til sjølve sjukehuset.

Totalt fire smittetilfelle er knytt til dette sporet. Det er ein oversiktleg situasjon og smittetilfellet fører ikkje til fleire nærkontaktar.

I tillegg melder Voss herad om ein såkalla "resultatlaus prøve". Vedkomande blir kontakta for fornya testing. Laben fortel at det betyr at dei ikkje kan utelukka smitte. Dei rår til ein ny test, men vedkomande blir behandla som smitta til nytt testsvar er klart.