Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Nytt smittetilfelle påverkar Voss gymnas

Nytt smittetilfelle påverkar Voss gymnas

17. februar: Onsdag ettermiddag melder Voss herad at ein person har testa positivt for corona på ein såkalla antigen hurtigtest. Testen vart teken i samband med oppfølginga av smittetilfellet med omfattande ringverknadar som heradet meldte om tidlegare i dag. 

- Me ventar det endelege PCR-svaret i løpet av ein dag eller to, men vi må handla ut frå den informasjonen me har no, seier kommuneoverlege Eystein J. Hauge. - Det betyr at Voss gymnas vert påverka. Kva klassar eller grupper med elever dette gjeld vert kartlagt i samarbeid med skulen, og dei det gjeld vil få beskjed, seier Hauge.