Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Oppdatert om tredje vaksinedose til dei med alvorleg nedsett immunforsvar

Oppdatert om tredje vaksinedose til dei med alvorleg nedsett immunforsvar

Voss herad har tidlegare informert om tilbod om ein tredje dose vaksine til personar med alvorleg nedsett immunforsvar. Som tidlegare beskrive samarbeider heradet med fastlegane for innhenting av opplysningar om kven som kvalifiserer for ein tredje dose vaksine. Vedkomande som er oppgitt av sin fastlege å vera kvalifisert for ein tredje dose vil verta kontakta direkte av heradet med tilbod om vaksinetime.

Helsedirektoratet har no gitt ytterlegare råd om korleis pasientgruppa kan identifiserast og kva dokumentasjon som kan nyttast ovanfor kommunane slik at tilbodet om ein tredje dose kan setjast i verk så raskt som mogleg.

For å få tredje dose må det dokumenterast at ein person høyrer til dei utvalde gruppene med alvorleg nedsett immunforsvar. Voss herad samarbeider med fastlegane, men det er nå slått fast at spesialisthelsetenesta har hovudansvar for å identifisera dei det gjeld. Pasientane vil få eit brev frå sjukehuset som dei tek med seg når dei møter opp til vaksinasjon. Men sidan dette kan ta noko tid har spesialisthelsetenesta i tillegg kome fram til fylgjande alternative måtar å dokumentere at ein høyrer til ei pasientgruppe som kan få ein tredje dose:

Gruppe 1

  • Organtransplanterte, beinmargstransplantasjon siste 2 åra, eller ein pågåande graft versus hostsjukdom som krev immunsuppresjon
  • Alvorleg og moderat primær immunsvikt
  • Aktiv dialysebehandling og pasientar med kronisk nyresvikt stadium 5
  • Avansert eller ubehandla hiv-infeksjon

Alle som har ein diagnose i henhold til lista for gruppe 1 kan visa fram notat frå sjukehus der diagnose går fram, om dei ynskjer vaksine før dei har mottatt brev frå sjukehuset.

 Gruppe 2

  • Pasientar med pågåande betydeleg immundempande behandling av annan årsak: Pasientar som brukar immundempande medisinar som står på lista frå dei fagmedisinske miljøa, lenkje til liste (PDF, 447 kB), kan kontakta kommunen direkte og visa frem dokumentasjon på medisinbruk i form av journalnotat, resept /e-resept eller medikamentforpakning der pasienten sitt namn står.
  • Kreftpasientar med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling: Desse må venta på brev frå spesialisthelsetenesta fordi det må gjerast ei individuell vurdering for å få best effekt av vaksinen og unngå unødvendige biverknader.
  • Pasientar som av ansvarleg legespesialist vert sett på som å ha svært nedsett immunforsvar og som ikkje inngår i ei av gruppene ovanfor: Disse må ha også venta på eige brev frå spesialisthelsetenesta.

 

Dersom du har spørsmål om tilbodet om tredje vaksinedose kan du kontakta vaksinetelefonen Voss herad måndag- fredag kl 09:00- 12:00 Telefonnummer 900 89 662.