Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Over 21.000 vaksinedosar er sett

Over 21.000 vaksinedosar er sett

Denne veka er det sett 464 dosar med. Totalt er det sett 21.340 dosar. Massevaksinasjonen vert snart trappa ned, så om du ynskjer vaksine, men ikkje fått, registrer deg i kø så snart du kan. 

Me har til no sett 21006 dosar med Pfizer/ Moderna og 334 dosar med Astrazeneca. Tilsaman vert dette 21340 dosar

  • Voss herad vaksinerer for tida med vaksinen Pfizer. Me vil motta Morderna- vaksinen att i veke 42. Dei som ynskjer å verte vaksinert med Moderna kan få tilbod om dette frå 20. oktober. Ein må ta kontakt med vaksinetelefonen på førehand om ein ynskjer Modernavaksinen spesielt. Dette fordi denne må tinast før bruk.
  • Dose 3 vert tilbudt til personar med nedsett immunforsvar. For meir informasjon om 3 dose trykk her : Enklere tilgang til 3. dose for personer med nedsatt immunforsvar - FHI. Dersom du har fått beskjed frå behandlande lege om at du er vurdert til å vere aktuell for 3 dose, men endå ikkje har fått tildelt denne, ta kontakt med vaksinetelefonen så hjelper me deg.
  • For informasjon om vaksinering av barn 12- 15 år: trykk her Vaksinering av 12-15-åringar - Voss herad
  • Me trappar no gradvis ned på massevaksinasjon og vil på det sterkaste oppmoda etternølarar som ynskjer vaksine om å registrere seg i vaksinekø så raskt som mogleg. Trykk her for å registrere deg: Registrering for vaksine mot covid-19 - Voss herad

Har du spørsmål om vaksineringstilbodet i Voss herad? Ring vaksinetelefonen måndag- fredag 09-12 telefonnummer: 900 89 662