Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Pressemelding korona Voss herad 1.august 2021

Pressemelding korona Voss herad 1.august 2021

Voss herad melder sundag om to nye smittetilfelle. 

Den eine personen er fullvaksinert, men har likevel vorte smitta. Vedkomande har vore i karantene og det er ingen nye nærkontaktar. 

Personen har få eller ingen symptom. - Dette illustrerer det me har sett fleire stader i landet; at vaksinen tilsynelatande beskyttar mot alvorleg sjukdom, men at den ikkje hindrar alle i å bli smitta, seier kommuneoverlege Eystein J. Hauge 

Den andre personen er ein yngre innbyggjar med moderate symptom. Der vert jobba med smittesporing.