Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Pressemelding korona Voss herad 3.august 2021

Pressemelding korona Voss herad 3.august 2021

Voss herad melder om eit nytt smittetilfelle tysdag føremiddag. Vedkomande har moderate symptom. 

-Det er få nærkontaktar involvert, så situasjonen er oversiktleg, sjølv om me ikkje veit korleis vedkomande har vorte smitta, seier kommuneoverlege Eystein J. Hauge. 

- Det som er verd å merka seg er at den smitta har motteke fyrste vaksinedose tidlegare i sommar. 

- For andre gong på kort tid vert me her i heradet minna på at vaksinen ikkje sikrar oss 100% mot sjukdom, seier Hauge. 

Det er difor viktig at personar som får luftvegssymptom held seg heime frå jobb og testar seg, sjølv om ein er vaksinert.