Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Pressemelding korona Voss herad 5.august 2021

Pressemelding korona Voss herad 5.august 2021

Voss herad melder torsdag ettermiddag om tre nye smittetilfelle. 

Det eine tilfellet ble avdekka av ein hurtigtest i går og stadfesta av ein vanleg test i dag. Det er ukjent smitteveg og vedkomande har moderate symptom. 

 

Det andre tilfellet er knytt til ein nærkontakt frå eit av tilfella heradet melde om tysdag kveld. Vedkomande er fullvaksinert og har svært få symptom, men det gjer oss nok ein påminning om at vaksinen ikkje fullt hindrar smitte, sjølv om risikoen for å bli alvorleg sjuk er markant redusert. 

 

Det tredje tilfellet er smitta gjennom ein kjend smitteveg frå Bergen og har lette symptom. Heradet forventar her fleire positive nærkontaktar i dagane som kjem.