Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Siste nytt om koronavaksinasjon

Siste nytt om koronavaksinasjon

Me vil i hovudsak vaksinere med Pfizer vaksina framover. Dersom du ynskjer å verta vaksinert med Moderna vaksina må du ta kontakt med vaksinetelefonen for å avtale dette før du bestiller time.   

Me har no sett tilsaman 22 135 dosar med koronavaksiner i Voss herad.

Me har testa 84 personar denne veka.

Viktig informasjon om koronavaksinasjon:

  • Me minner om at alle som ynskjer tredje dose med vaksine må registrere seg på nytt ved å nytta denne lenkja: Helseboka.no eller ved å ringje vaksinetelefonen.
  • Digital registrering vil no kun vere mogeleg for tredje dose med koronavaksina. For alle andre timebestillingar må ein kontakte vaksinetelefonen.
  • Mange opplever utfordringar med å få bestillt time via Helseboka.no. Me oppmodar om at ein ringer vaksinetelefonen for hjelp til timebestilling dersom ein ikkje lukkast med å få gjennomført dette på eiga hand. Hugs at ein skal motta sms med bekrefting på at timebestillinga er gjennomført.
  • Det er anbefalt seks månadar mellom andre og tredje dose med koronavaksina. Unntaket er for personar med alvorleg nedsett immunforsvar, her er anbefalt minimumsintervall fire veker. Les meir om tredje dose til personar med alvorleg nedsett immunforsvar her

Treng du hjelp til å bestille time til vaksinasjon, eller har du andre spørsmål om koronavaksinering?

Ta kontakt med vaksinetelefonen Voss herad, me hjelper deg gjerne!

Tlf: 900 89 662

Måndag - fredag 09:00-12:00