Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Siste nytt om koronavaksine og tredje dose

Siste nytt om koronavaksine og tredje dose

I veke 42 tilbyr me Moderna vaksina i tillegg til Pfizer vaksina. Vidare framover vaksinerar me med Pfizer. Me minner om at dei av dykk som ynskjer Moderna må ta kontakt med vaksinetelefonen i førekant av vaksinering for å avtale dette.

Me har sett 140 vaksinedosar denne veka.

Tilsaman har me no sett 21790 dosar med vaksine i Voss herad.

Me har testa 63 personar denne veka.

 

Oppfriskningsdose til personar over 65 år:

Oppfriskningsdose med vaksine vert tilbydd til personar over 65 år. Oppfriskningsdose skal verte gitt med eit minimumsintervall på 6 månadar etter dose to. Ein må registrere seg på nytt i Helseboka dersom ein ynskjer oppfriskningsdose. Ein vil få sms med invitasjon til å bestille seg time når det har gått 6 månadar sidan andre dose vart sett. Førebels er det Pfizer vaksine som vert tilbydd som oppfriskningsdose. 

 Trykk her for å registrere deg for oppfriskningsdose

 

Tredje dose til personar med alvorleg svekka immunforsvar

Tredje dose med vaksine vert også til personar med alvorleg svekka immunforsvar. Til denne gruppa er det anbefalt minimumsintervall på 28 dagar mellom andre og tredje dose. Både Pfizer og Moderna vaksina er anbefalt til denne gruppa. Personar som har fått brev i frå behandlande lege om at dei er anbefalt ein tredje dose kan ta direkte kontakt med vaksinetelefonen for bestilling av time, og treng ikkje registrere seg på nytt. 

 Les meir om tredje dose til personar med alvorleg svekka immunforsvar her - FHI

 

Planlegg du å ta influensavaksine i haust?

FHI anbefalar eit minimumsintervall på 7 dagar mellom ulike vaksinetypar. Dersom det oppstår konflikt mellom vaksinering med oppfriskningsdose og influensvaksinering bør influensvaksinasjon prioriterast fyrst.

 

Har du endå ikkje fått vaksinert deg?

Det er no berre mogleg å registrere seg digitalt for tredje dose, samt for barn 12- 15 år. Dersom du ynskjer å registrere deg for fyrste og/ eller andre dose må du ta kontakt med vaksinetelefonen Voss herad.

 

Har du spørsmål om vaksinasjon eller treng hjelp til å registrere deg?

Ta kontakt med vaksinetelefonen Voss herad så hjelper me deg

900 89 662

Open Måndag - Fredag 09:00 - 12:00

Kontakt

Korona vaksinering
Telefon 900 89 662

Tast 2 for vaksinering.

Måndag - Fredag kl. 09:00-12:00

Registrering for vaksinedose 3

NB! Du må ha BankID for å nytta tenesta.

Adresse

Gymsalen på Voss ungdomsskule

Olavsvegen 5

5700 VOSS