Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Siste nytt om tredje dose med korona vaksina

Siste nytt om tredje dose med korona vaksina

  

  • Vaksinering med tredje dose til personar over 65 år føregår no for fullt. Me minner om at anbefalt doseintervall for denne gruppa er seks månadar mellom dose 2 og 3. 

Registrer deg for 3. dose vaksine mot covid-19 her

eller kontakt vaksinetelefonen Voss herad (900 89 662).

  • Tredje dose vert også anbefalt til personar med nedsett immunforsvar. For denne gruppa er det anbefalt doseintervall minimum 4 veker. 

Les meir om tredje dose til personar med nedsett immunforsvar her

  • Helsepersonell med tett pasientkontakt får no også tilbod om ein tredje dose med vaksine. FHI vil i løpet av veke 45 kome med meir detaljert informasjon om korleis vaksineringa av denne gruppa vil føregå. Meir informasjon vil kome.

Lite korona på Voss 

Testsenteret har jamn pågang, men det er få positive testsvar. Det er difor lite truleg at det er utbreidd koronasmitte i Voss herad. 

Pandemien ikkje er over, fleire forkjøla og det står ein influensasesong for døra. For å unngå at mange vert smitta, er det viktig å halda på gode rutinar kring smittevern. Dette inkluderer god hoste- og handhygiene. Er du sjuk, med symptom på korona, er oppmodinga at du held deg heime frå jobb/skule og testar deg, anten på testsenteret eller med ein heimetest.  

Testsenteret er ope for testing måndagar, torsdagar og fredagar. Koronatelefonen, tlf. nr. 900 89 662, er bemanna kvardagar frå kl 9 til 12.  

Dei som testar positivt får melding av Voss herad med nærare instruksjonar om isolasjon, testing av husstandmedlemmar og nærkontaktar. 

Skal du ut å reise?

Me viser til oppdatert informasjon frå FHI om koronasertifikat og tredje dose:

«EU forsøker å utarbeide felles strategi for visning og verifikasjon av ekstra doser. EUs prinsipp er at koronasertifikatet skal godtas av mottakerlandet dersom det er en del av vertslandets vaksinasjonsstrategi. På tross av at ekstra doser er tatt i bruk i flere land i Schengen får vi signaler om at enkelte land foreløpig ikke har løsninger for å verifisere dette. Inntil en slik teknisk løsning er på plass gjør FHI oppmerksom på at det kan være lurt å skrive ut kontrollsiden for EU/EØS basert på «2 av 2» før man mottar ekstra vaksinedose og bruke denne QR-koden for grensepassering. Det er også mulig med innreise til flere land basert på nylig negativ test.»

Kontakt

Korona vaksinering
Telefon 900 89 662

Tast 2 for vaksinering.

Måndag - Fredag kl. 09:00-12:00

Registrering for vaksinedose 3

NB! Du må ha BankID for å nytta tenesta.

Adresse

Gymsalen på Voss ungdomsskule

Olavsvegen 5

5700 VOSS