Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Status korona i Voss herad veke 19

Status korona i Voss herad veke 19

14. mai 2021: Her får du status på vaksinering, nytt om framdrift på vaksinering og nye smittetilfelle meldt torsdag.

Vaksinering:

Me har sett 474 dosar med Pfizer BioNtech vaksinar denne veka.

Me har no sett til saman: 5537 dosar med Pfizer BioNtech

334 dosar med AstraZeneca

I veke 20 er det forventa å få levert 552 dosar frå Pfizer

 

Viktig informasjon:

FHI melder om at det berre vert sendt ut dosar som skal distribuerast som dose 2 i vekene 20, 21 og 22

Dette vil påverka framdrifta for vaksineringa i Voss herad i nokon grad.

Det er om lag 100 personar i gruppe 4 som per i dag ikkje har fått tilbod om vaksine dose 1. Me tilbyr time til vaksine til desse fortløpande så snart me har ledige dosar. Gruppe 4 består av: 

"Alder 65-74 år og personer mellom 18 og 64 år med sykdommer/tilstander med høy risiko for alvorlig forløp (merket med * i listen over risikogrupper)"

Status for framdriftsplan vert oppdatert så snart som mogleg på Voss herad sine nettsider: Status og framdrift vaksinering - Voss herad

Nye smittetilfelle:

Me har siste sju dagar testa 66 personar. Me fekk torsdag stadfeste eit nytt smittetilfelle. I tillegg har ein person i samme familie og med symptom testa positivt på hurtigtest. Me ventar difor ein ny stadfesta positiv PCR i løpet av dagen. 

Det er direkte samanheng med desse to smittetilfella og eit tilfelle heradet fekk meldt 5. mai.