Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Status korona i Voss herad veke 20

Status korona i Voss herad veke 20

Me har sett 552 dosar med vaksine av typen Pfizer BioNtech denne veka.

Me har sett tilsaman 6089 dosar med Pfizer BioNtech -vaksina og 334 dosar med AstraZeneca- vaksina.

I veke 21 mottek me 660 dosar med vaksinen av type Pfizer BioNtech. 620 av desse dosane vert gitt som dose 2

I veke 22 får me 936 dosar av Pfizer BioNtech, som er fleire enn det som først vert signalisert. 390 av desse er meint som første dose, mens resten er til andre dose både for dei som har fått Pfizer frå før og dei som har fått AstraZeneca. 

Informasjon frå FHI om andre dose med Pfizer etter først å ha fått Astra Zenica finn du her

Siste sju dagar har me testa 177 personar. Tre har testa positivt, alle desse er knytt til same nærmiljø.