Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Status korona i Voss herad veke 23

Status korona i Voss herad veke 23

Me har sett 630 dosar Pfizer BioNtech denne veka. Me har no sett tilsaman 8314 dosar med Pfizer BioNtech og 334 dosar med Astrazeneca.

I veke 24 får me levert 678 dosar med Pfizer BioNtech

Me gjer merksam på at FHI denne veka endra anbefalt doseintervall i vaksinegruppene 8-11 til ni veker. 

Det betyr at eventuelle etternølarar som er i gruppe 1-7 og som fyrst no registrerer seg for vaksine også vil bli tildelt timer med 9 vekers mellomrom. Ettersom FHI reknar alle som har fått ei dose som fullt beskytta i veke 3 til 15 etter denne dose vil det endra intervallet ikkje ha nokon medisinske konsekvensar for etternølarane. 

Me har tatt 127 Corona-testar denne veka, alle har vore negative.