Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Status korona Voss herad Veke 14 torsdag 8.april

Status korona Voss herad Veke 14 torsdag 8.april

Denne veka vert det sett 438 nye vaksinedoser, alle av typen Pfizer/BioNTech, slik at me samla no har sett 2995 doser.

Neste veke ventar me 86 vaksineglas (ca 516 doser) frå Pfizer/BioNTech.  

Tal nye smitta: Den siste veka har me registrert fem nye positive tilfelle ved vår teststasjon. To av desse er busett på Voss, ein er frå Bergen, ein frå Vik og ein frå Oslo.  Dei to på Voss er frå same husstand.

Kor mange er testa: Me har testa 230 personar så langt denne veka, og me testar også i morgon.