Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Status korona Voss herad veke 15

Status korona Voss herad veke 15

Denne veka vert det sett 516 nye vaksinedoser, alle av typen Pfizer/BioNTech, slik at me til saman no har sett 3511 doser. 

Neste veke (veke 16)  ventar me 73 glas (ca 438 doser) og i veke 17 ventar me 78 glas (ca 468 doser) frå Pfizer/BioNTech.  

Me har i perioden fredag 9.4 til torsdag 15.4 testa 380 personar.

Tal nye smitta: Fire personar har i denne perioden testa positivt hjå oss. Tre av dei høyrer tiil same husstand og er bustadregistrerte i Oslo, medan den fjerde er busett i Vik. Dei er alle fire knytt til to av dei smittetilfella heradet meldte om i førre veke.

Me minner om at godt smittevern er det beste tiltaket for å halda smitten nede!