Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Status korona Voss herad veke 16

Status korona Voss herad veke 16

Denne veka vart det sett 438 nye vaksinedosar, alle av typen Pfizer/BioNTech slik at me samla no har sett 3949 dosar.

I tillegg kjem 334 dosar med AstraZeneca som er sett tidlegare. Heradet ventar på ei avklaring frå styresmaktene om kva som vert det vidare vaksineløpet for dei som har fått ei dose av dette merket. 

Neste veke (veke 17)  ventar me 104 glass (ca 624 doser) frå Pfizer/BioNTech.

Me har i perioden fredag 16.4 - torsdag 22.4 testa 117 personer. Me har ikkje hatt nokon som har testa positivt denne veka.

Fire personar ved ei avdeling på Vetleflaten er i karantene etter nærkontakt med ein smitta person. Den smitta er ikkje heimehøyrande i Voss herad. Alle 4 er heilt eller delvis vaksinerte.