Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Status Korona Voss herad veke 29

Status Korona Voss herad veke 29

Me har sett 954 dosar med vaksinen Pfizer denne veka

Me har no sett til saman 12669 dosar med vaksinen Pfizer og 334 dosar med vaksinen Astrazeneca

I veke 30 er det forventa 1710 dosar med vaksinen Pfizer 

Per 21.07.2021 har alle som har registrert seg i vaksinekø og som er over 18 år fått tilsendt SMS med tilbod om å tinga seg time til vaksinedose 1. Dermed er eit viktig mål nådd. 

Mange har avventa å nytta seg av timebestilling, me oppmodar dei som har fått tilbod på SMS om å tinga seg time.

Viktig informasjon: 

Dersom du har registrert deg i vaksinekø og ikkje har motteke SMS med tilbod om å tinga deg time til vaksinasjon, ber me deg ta kontakt med vaksinetelefonen i Voss herad.

Me har teke 159 covid-testar denne veka og to av testane har vore positive