Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Tilbod om dose to

Tilbod om dose to

Voss herad er no i mål med å tilby alle over 18 år, og som har registrert seg i vaksinekø, time til vaksinedose 1

Me har i veke 30 og 31 vaksinedosar til overs, og me opnar no opp for at innbyggjarar som ynskjer det, kan framskunda vaksinedose 2. Det er ledige timar til vaksinering Torsdag 29.juli og onsdag 4. august.

Me ynskjer å gi tilbodet til innbyggjarar som har fått dose 1 for minimum seks veker eller lenger sidan.

Kvar enkelt må melde sitt ynskje til vaksinetelefonen Voss herad 900 89 662 eller på e- post til: liv.a.rong@voss.herad.no