Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

To nye smittetilfelle i Voss herad onsdag morgon - eitt av dei kan gje omfattande ringverknader

To nye smittetilfelle i Voss herad onsdag morgon - eitt av dei kan gje omfattande ringverknader

17.februar: Det eine smittetilfellet fører til at elevane ved ungdomsskulen i Granvin og borna i ei avdeling i Tueteigen barnehage vert sendt heim resten av veka. Ungdomsskuleelevane vil få digital undervisning. 

- Voss herad presiserer at ingen elevar eller tilsette ved ungdomsskulen eller barnehagen er stadfesta smitta, men heilt spesielle omstende rundt situasjonen fører til eit risikobilde som gjer at me må setja borna i ventekarantene ut veka,  seier kommuneoverlege Eystein J. Hauge. 

Ventekarantenen for borna vert oppheva dersom potensielle smitta får stadfesta negative prøvesvar dei næraste dagane. Ved positive prøvesvar, vert  ventekarantenen vidareført som ordinær karantene. Borna sine foreldre er førebels ikkje i noko form for karantene.  

Det aktuelle smittetilfellet fører òg til at ein klasse ved Voss vidaregåande skule må i karantene ut veka og elevane vert testa. Hushaldsmedlemar til elevane på Voss vidaregåande skule må i ventekarantene fram til me har fått testresultat for elevane. Det same gjeld for hushaldsmedlemar til nærkontaktar i Granvin.

Utover elevar ved dei to skulane og barnehagen er smittetilfellet også kopla til minst fire andre nærkontaktar. 

Voss herad presiserer at dei som i denne omgang skal testast vert kontakta av Voss herad sine smittesporarar. Dei treng ikkje å tinga time til testing sjølve.

Smittetilfelle nummer to er relativt oversiktleg. Dei tre nærkontaktane det gjeld vert kontakta og testa.