Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

To smittetilfelle i Voss herad 1. påskedag

To smittetilfelle i Voss herad 1. påskedag

4. april 2021: For fyrste gong sidan 19. februar melder Voss herad om to nye Covid-tilfelle søndag ettermiddag. 

Ein vossing er stadfesta smitta etter å ha vorte eksponert under eit opphald på ein helseinstitusjon i Bergen. Utover ektefellen til vedkomande er det ikkje fleire nærkontaktar knytt til tilfellet. 

Vidare er ein bergensar som oppheld seg på hytta på Voss stadfesta smitta etter å ha vorte eksponert i Bergen før hytteturen. Vedkommande har vore i kontakt med eit par vossingar i løpet av påsken. Desse vert no kontakta av smittesporarane i heradet for nærare avklaring.