Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Vaksinering av 12-15-åringar

Vaksinering av 12-15-åringar

Me startar opp med vaksinasjon av 12-15-åringar torsdag 23. september. Voss herad tilbyr ein dose vaksine til born født i 2006, 2007 og 2008. Born som er fødd i 2009 og er fylt 12 år per dags dato vil også få tilbod om vaksine. Dette er basert på tilrådingar frå Folkehelseinstituttet.

 

Føresette kan no registrera barnet i helseboka.no.

 Registrer deg i Helseboka her

Føresette vil få SMS med invitasjon til å bestilla time

Begge føresette må samtykka til at barnet skal få vaksine. Me ber om at de nyttar FHI sitt samtykkeskjema.

Samtykkeskjema finn du her (PDF, 52 kB)

Det er viktig at begge føresette har skrive under på skjemaet.

Barnet må ha med ferdig utfylt samtykkeskjema når dei møter til vaksinasjon, skjema skal leverast til den som set vaksinen. Dersom det er utfordrande å skaffe underskrift på pairskjema frå begge føresette, ta kontakt med vaksinetelefonen nummer 900 89 662.

Me ser gjerne at dei som har behov for det har med seg ein av foreldra eller ein anna støtteperson.