Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Vidarefører lokale tiltak

Vidarefører lokale tiltak

Voss herad vidarefører lokale tiltak og tilrådingar frå 23. august. Vidareføringa gjeld frå og med i dag 6. september og til og med 19. september, eller til det kjem nye tiltak og tilrådingar frå sentrale styremakter.

Tiltaket som er heimla i lokalforskrift:

Unnataket for smittekarantene for personar under 18 år som ikkje er husstandsmedlemmar, eller tilsvarande nære kontaktar til ein smitta person, jf forskrift om smitteverntiltak mv. ved koronautbruddet (covid-19-forskriften) § 4, 3. ledd, gjeld ikkje i Voss herad. Du kan lesa forskrifta her: Lokal forskrift (PDF, 80 kB)

Det betyr at Voss herad ikkje har karantenefritaket  for elevar i både grunnskule og vidaregåande skule samt  for born i barnehage. Det betyr at alle som er nærkontakt til ein smitta må vera heime i karantene i 10 dagar med moglegheit for å testa seg ut med PCR-test etter en uke. 

Gult nivå

Alle skular og barnehagar i Voss herad gjekk til gult nivå 23. august. Dette vert også vidareført. 

Tilrådingar:

Voss herad tilrår og oppmodar også alle som er vaksinerte, både dei som har fått ein dose og dei som er fullvaksinerte, om å testa seg både straks etter eksponering og etter sju dagar, dersom dei vert definert som nærkontakt til ein med stadfesta smitte. Heradet oppmodar i tillegg dei vaksinerte, både del- og fullvaksinerte, om å halde seg heime til svaret på første PCR-test er klart på helsenorge.no.

Voss herad oppmodar alle til å ha eit godt smittevern, og syta for god handhygiene, halda minst 1 m avstand , hosta i armkroken og halda seg heime samt testa seg om ein er sjuk.