Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Viktig informasjon om vaksinering mot Covid- 19

Viktig informasjon om vaksinering mot Covid- 19

  • Dose 3 tilbys til innbyggjerar over 65 år.
  • Intervallet mellom dose 1 og 2 til 16 - 17 åringar vert strekt til 12 veker. Minimumintervallet mellom dosane for denne aldersgruppa er 8 veker.
  • Voss herad er i sluttfasen av vaksinering mot Covid- 19 dose 1 og 2. Det er derfor svært viktig at dei som ynskjer vaksine, men endå ikkje har bestilt time gjer dette no.

Dose 3 til innbyggjarar over 65 år

Me fylgjer dei nasjonale anbefalingane og vil tilby dose 3 til innbyggjarar over 65 år. Det vil koma ei eiga pressemelding om tilbodet Fredag den 8. oktober.

Dose 2 til 16 - 17 åringar

FHI anbefalar at intervallet mellom dose 1 og 2 vert strekt til 12 veker.  

Minimumsintervall mellom dosane for denne aldersgruppa er 8 veker.

Det vil derfor ikkje vere høve for personar fødd i 2004 og 2005 å framskunde dose 2 tidlegare enn 8 veker etter at fyrste dose med vaksina er sett. Mange av 16- 17 åringane har time til dose 2, 8 veker etter at dei tok dose 1.

Me oppmodar om at 16 - 17 åringane sjølv går inn på Helseboka  og flyttar time til dose 2 fram, slik at intervallet vert 12 veker.  

For meir informasjon trykk her; 16-17 åringer anbefales to doser med 12 ukers intervall - FHI

Sluttfasen av vaksinering med dose 1 og 2

Me er no inne i sluttfasen av vaksinering mot Covid- 19, dose 1 og 2.  Det er derfor svært viktig at dei som ynskjer vaksine, men endå ikkje har bestilt time gjer dette no.  

Voss herad vaksinerer med Pfizer vaksina i veke 41.

Dersom du ynskjer å verta vaksinert med Moderna vaksina må du gi beskjed om dette på førehand til vaksinetelefonen. Voss herad vil motta Moderna vaksina frå veke 42.

 

Me har sett 310 dosar med vaksine denne veka.

Til saman har me no sett 21 650 dosar med vaksinar til saman.

Me har testa 120 personar denne veka.

 

Har du spørsmål om vaksinasjon mot Covid- 19? Ring vaksinetelefonen Voss herad, tlf: 900 89 662 måndag- fredag kl 09- 12 så hjelper me deg!

Kontakt

Vaksinetelefonen
Telefon 900 89 662

Mån-Fre 09 - 12.