Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Voss herad melder om fire positive prøvar torsdag ettermiddag

Voss herad melder om fire positive prøvar torsdag ettermiddag

18. februar: Det fyrste er ei PCR-stadfesting av ein positiv hurtigtest i går, ein test som heradet har meldt før. 

To av dei positive testane er knytt til personar allereie i karantene, og som ikkje fører til fleire nærkontaktar. 

Det siste tilfellet er knytt til ein elev ved Voss vidaregåande skule. Voss herad arbeider med å skaffa oversikt over denne situasjonen.