Voss Herad

150 seniorar på seniorkafe – ein viktig sosial møteplass

150 seniorar på seniorkafe – ein viktig sosial møteplass

Det var god stemning då 150 personar deltok på seniordagen på Le Cafe på Amfisenteret.  At senteret inviterer til gratis frukost og levande musikk to gonger i året har vorte ein årleg tradisjon sidan 2015 berre avbrote av pandemiåra.

For senteret er det viktig å gjera noko for alle aldersgrupper – også dei eldre. Til frukosten kjem ikkje berre vossingar, her kjem folk både frå Sogn og frå Hardanger. «Vi ynskjer at seniorane skal føla seg ekstra velkomne og sett pris på hjå oss» seier senterleiar Anne Marie Opheim. «Senteret er ikkje berre ein stad der me handlar, men like mykje ein stad der ein kan møta kjende og snakka om laust og fast» fortel ei kvinne som deltok på frukosten.

Forsking viser at kjøpesentera rundt om i landet  er ein stor og viktig sosial møteplass for seniorane.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete