Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

40 km piggtråd samla inn

40 km piggtråd samla inn

Fjerning av skadeleg piggtråd frå gjerde i inn og utmark har vore i fokus i Voss herad dei siste tre åra. I underkant av 40 km er no samla inn og levert IHM. Prosjektet fekk eit stort løft med omtale i NRK i vår, og det er no snart slutt på midlKlikk for stort bileteOppsetting av ny piggtråd etter 2010 er ulovleg. Piggtråd som ikkje blir halde ved like er og ulovleg etter dyrevernlova. Thale Hauso/ NRK ane i prosjektet.    

Gamle gjerder med piggtråd utgjer potensielt ein fare for skade på bufe og vilt. Særleg gamle gjerder som ikkje er i stand, og som delvis ligg nede kan vere lumske og kan påføre potensielt stor skade og lidingar. Med Voss sin omfattande husdyrproduksjon gjennom mange år finns det mange gamle gjerder både på innmark og utmark, sjølv om det har vore forbod mot å nytte piggtråd for å regulere dyrs ferdsel sidan 2010.

Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget, IHM, Mattilsynet og Voss kommune starta i 2018 eit prosjekt for å få fokus på problemstillinga og fjerna mest mogleg  frå utmark og innmark i kommunen.

Med oppslag i NRK i april, fekk vi god respons på tiltaket og det har komme inn mykje piggtråd i år. Det vert betalt kr 4 pr meter for innlevert piggtråd på IHM, og dei omlag 170 000kr vi hadde i prosjektet er snart vekke.

Mange kommunar har i ettertid tatt kontakt og lurt på korleis dei kan lage sine eigne piggtrådprosjekt. Det synes vi er særleg hyggeleg! Voss herad kan også ha ei fortsetting på prosjektet om vi finn nye midlar.

Klikk for stort bileteKristin Lemme var av dei som samla inn piggtråd i vår Thale Hauso/NRK