Voss Herad

Akutt ureining

Akutt ureining

Torsdag oppsto det lekkasje av asfaltlim i ein bekk som renn ut i Melsvatnet i Skulestadmo. Voss brannvern gjorde strakstiltak, medan Kystverket er fagmynde som no handterer hendinga vidare.

Utsleppet er skadeleg, og både skadepotensiale og vidare tiltak vert vurdert fortløpande. Enkelte daude fiskar er observert, og Voss herad ber grunneigarar i området gjera tiltak så ikkje beitedyr, andre husdyr eller folk kjem i kontakt med utsleppet.