Voss Herad

Barnehage på Bolstad

Barnehage på Bolstad

Klikk for stort bilete  Det vert etablert mellombels barnehage på Bolstad. Ved hjelp av modulbygg kjem barnehagen på plass frå august i år.

Etter vedtaket i heradsstyret om å etablera mellombels barnehage på Bolstad, har det vore vurdert korleis Voss herad skal få til dette innan august.

På møtet i utval for levekår tysdag 14. januar fekk politikarane ei oppdatering på korleis administrasjonen arbeider med dette vedtaket. Kommunalsjef Frode Monsen var imponert over korleis bygg- og eigedomsavdelinga hadde tatt tak i denne saka.

Modulbygg

I utgangspunktet har administrasjonen tenkt at det vil verta krevjande både å halde seg innanfor det økonomiske handlingsrommet for etablering, men kanskje endå meir krevjande å opna barnehagen om vel eit halvt år.  

Bygg- og eigedomsavdelinga har vore kreative og løysningsorienterte når dei har sett på skuleplassen på Bolstad framfor å sjå på dei utfordringane som ligg i å rehabilitera eit gamalt bygg. Skuleplassen er ferdig planert og godt eigna for plassering av eit modulbygg.

Løysinga med eit modulbygg vil gjera at heradet greier å få på plass ein barnehage på Bolstad både til rett tid og til rett pris. Vidare vil eit modulbygg kunne husa fleire born enn det me kan få plass til i underetasjen på den gamle skulen.

I tillegg til modulbygget skal leikeplassen oppgraderast. Borna skal også få nytta gymsalen i den gamle skulen som leikeareal.

Kommunalsjef for oppvekst meiner dette vil verta ei svært god løysing for dei som vil ha borna sine i barnehagen på Bolstad.

Informasjonsmøte

Kommunalavdeling Oppvekst planlegg eit informasjonsmøte for dei som vil ha eller som vurderer barnehageplass på Bolstad. Dette vil finne stad på ungdomshuset på Bolstad 3. februar kl 1830 – 1930.