Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Barnehageopptak 2020/2021

Barnehageopptak 2020/2021

Klikk for stort bilete   

Søknadsfrist til hovudopptaket til barnehageplass er 1. mars 2020.  Har du søkt plass tidlegare treng du ikkje søkje på nytt.

Hovudopptaket gjeld ledige plassar frå august 2020. Søknader som er med i hovudopptaket er barn med lovfesta rett til plass.

Lovfesta rett betyr at

  • Barnet må ha fylt eitt år innan utgangen av november 2020
  • Det må væra søkt om barnehageplass innan 1. mars 2020
  • Barn som fyller eit år innan utgangen av august har rett på plass frå august månad. Barn som fyller eit år i september, oktober eller i november har rett på plass frå den månaden barnet fyller eitt år.

Retten til barnehageplass er innfridd når du mottek tilbod om plass i ein barnehage i bustadkommunen.

Hovudopptaket pågår frå 2. mars til og med 1. mai. I den perioden kan du ikkje endre på søknaden. Søknader for barn som ikkje fyller kriteria for lovfesta rett til barnehageplass, blir behandla dersom det er ledige plassar i kommunen etter 1. mai 2020.

Prioritet

Du kan søkje prioritet til barnehageplass i tråd med gjeldande kriterier. Då må du sende gyldig dokumentasjon til:

Voss herad v/Kommunalavdeling oppvekst, postboks 145, 5701 Voss innan 1. mars.

Søknadsportalen

Lenkje til søknadsportalen

 

Kommunalavdeling oppvekst