Barnehageopptak 2024/2025

Søknadsfrist til hovudopptaket for barnehageplass barnehageåret 2024/2025 er 1. mars 2024.  

Har du søkt plass tidlegare treng du ikkje søkja på nytt.

Hovudopptaket gjeld ledige plassar frå august 2024. Søknadar som er med i hovudopptaket er for barn med lovfesta rett til plass.

Lovfesta rett betyr at

  • Barn som fyller eitt år innan utgangen av august har rett på barnehageplass i august.
  • Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november har rett på barnehageplass innan utgangen av den månaden barnet fyller eitt år.
  • Born har rett til barnehageplass i kommunen det er busett i.

 

Det må søkjast om barnehageplass innan 1. mars 2024 for at lovfesta rett til plass skal vera gjeldande.

Retten til barnehageplass er innfridd når ein mottek tilbod om plass i ein barnehage i bustadkommunen.

Hovudopptaket pågår frå 2. mars til og med 1. mai. I den perioden kan du ikkje endra på søknaden. Søknadar for barn som ikkje fyller kriteria for lovfesta rett til barnehageplass, vert behandla dersom det er ledige plassar i heradet etter 1. mai 2024.

Prioritet
Det kan søkjast om prioritet til barnehageplass i tråd med gjeldande kriterium. Sjå nettsida, Vedtekter for kommunale barnehagar i Voss herad - Voss herad Gyldig dokumentasjon skal sendast til

Voss herad v/Kommunalavdeling Oppvekst, postboks 145, 5701 Voss, innan 1. mars.

Søknadsportalen

Lenkje til søknadsportalen finn ein her Søk barnehageplass - Voss herad

Ein treng ikkje vere innlogga for å søkje om barnehageplass, men om ein skal gjera endringar i søknaden må ein logga inn via ID-porten

Informasjon om barnehagetilbodet frå august 2024 : Vossabarnehagen - Voss herad.