Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Besøk på sjukeheimane

Besøk på sjukeheimane

Å besøkja sine nære og kjære på sjukeheimane er eit høgdepunkt for mange. I dei tidane me er i no gjer me det me kan for at det skal kunne skje på ein trygg og forsvarleg måte. Me har laga til rutinar for besøk på sjukeheimane i heradet. 

Rutinar for besøk på sjukeheimar i Voss herad

  1. ALLE besøk må avklarast med avdelinga på førehånd for kvar gong.
     
  2. Besøk skal skje etter besøkstider, sjå lista over besøkstidene i dei ulike sjukeheimane her.
     
  3. Besøket skal vare høgst 1 time langt. Det skal haldast ein avstand på minst 1 meter under besøket.
     
  4. Besøkjande må gå rett til pasientrom, og ikkje opphalde seg i fellesareal.
     
  5. Besøkjande skal registrerast i besøksprotokoll når dei kjem til avdelinga, med tidspunkt, namn og telefonnummer.
     
  6. Bebuarane kan ta imot blomar, gåver og liknande, men det vert ikkje servert mat eller drikke til pårørande under besøket.
    Grunna allergi hjå bebuarar og tilsette, ber me om att dersom de sender blomehelsingar, unngå å sende jolestjerner, sviblar og amaryllis.
     
  7. Ynskjer ein kontakt med personalet under besøket, ber me om at de ringer på alarmklokka til bebuaren, ikkje oppsøker personalet i fellesarealet.
     
  8. Alle besøkjande skal vera heilt friske, - ikkje ha hatt feber, hoste, halsvondt, oppkast, hovudverk eller magesmerter siste 10 dagar. Dei skal ikkje vere i  karantene eller ha mistanke/bekrefta positiv Covid-19 test.
     
  9. Besøkjande som vert sjuke i løpet av 7 dagar etter å ha vore på institusjonen lyt gje beskjed umiddelbart til institusjonen om kva symptom dei har fått.
     
  10.   Etter besøket må alle berøringspunkt i pasientrommet reingjerast eller desinfiserast.

Kontakt

Sjukeheimane

Voss sjukeheim

Sjukehusvegen 15
5704 Voss
Tlf: 56 52 15 00

Vetleflaten omsorgssenter

Hardangervegen 49
5705 Voss
Tlf: 56 53 12 00

Vossestrand omsorgstun

Oppheimsvegen 35
5713 Vossestrand
Tlf: 56 52 90 60

Granvin sjukeheim

Eidesvegen 24
5736 Granvin
Tlf: 56 52 41 40

Rehabiliteringsavdelinga 

Hagahaugvegen 30
5705 Voss
Tlf: 56 52 25 00