Sjekk røykvarslarane ein gong i månaden og kvar gong du kjem heim frå reise. Gjer det til ei vane å byte batteri 1. desember på Røykvarslardagen.
Sjekk at sløkkeutstyret fungerer og at du veit korleis du skal bruke det
Ha brannøving i heimen. Har du tenkt over situasjonen på førehand, er du mykje betre førebudd om det byrjar å brenne.
Gå aldri frå komfyren når du lagar mat. Installer gjerne komfyrvakt.
Gå aldri frå eit rom med levande lys og aldri set eit tent lys nær gardiner eller brennbar julepynt. Unngå å bruke brennbare lysestakar. Sjekk alltid ein ekstra gong at alle levande lys er sløkt før du legg deg eller går ut av huset
Slå alltid av adventsstakar, julestjerner og lyslenkjer om natta og når du ikkje er heime.
Røyk aldri medan du ligg på senga eller i sofaen, og ikkje kast oske direkte i avfallet.