Voss herad

Dagens avfall, morgendagens gull

Dagens avfall, morgendagens gull

Dette er tema for Bioparkkonferansen som er ein del av Vossadagane som vert arrangert i slutten av mars. Utvikling av ein sirkulærøkonomi med gjenbruk av ressursar vil vere grunnleggande framtida. I den første bioparkkonferansen på Voss, er gjenbruk av organisk avfall til nye høgverdige produkt tema. I vestland og Voss skjer det mykje på dette området allereie.

Bioparkkonferansen er ein av fleire konferansar på Vossadagane. Vossadagane er ei attraktiv konferanseveke på Voss som femner om ulike fagfelt, set aktuelle samfunnsspørsmål under debatt, samt kombinerer dette med kultur, aktivitetar og opplevingar.

Programmet inneheld m.a. presentasjon av praktiske døme på produksjon som allerede er i gang og ei vurdering av potensiale for utvikling av nye næringar. 

Du finn fullstendig program og påmelding her