Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Del 3 av kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder som er råka av konsekvensane av koronapandemien

Del 3 av kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder som er råka av konsekvensane av koronapandemien

Gjernes Voss Thor Trå  Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har løyvd tilskot til kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder som er råka av konsekvensane av koronapandemien.

Del tre av dette tilskotet er no fordelt til kommunane, og Voss herad har fått 3 091 000 kroner til fordeling til føretak i heradet. Tilskotet vert lyst ut som del av den nasjonalt notifiserte ordninga "kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder".

Føretak kan søkja om støtte til tiltak som kan vera med på å styrka Voss sin posisjon i reislivsmarknaden nasjonalt og internasjonalt, i form av generell marknadsføring, messedeltaking, relasjonsbygging og liknande. Tiltaka kan gjelda den einskilde reiselivsbedrifta, eller Voss som destinasjon.

I tillegg kan føretak med føretaksadresse i Voss herad, som eksporterer til ein internasjonal marknad, søkja om støtte til marknadsføring, messedeltaking, relasjonsbygging og liknande, for å styrka posisjonen sin internasjonalt. Inntil 250 000 kroner er sette av til dette føremålet.

Søkjarar må dokumentera at dei har hatt tap grunna korona. Ein plan for korleis pengane skal nyttast, må fylgja søknaden.

Samarbeidsprosjekt som gjeld fleire aktørar, og som byggjer opp om Voss som berekraftig reisemål, vil verta prioriterte. Formannskapet, plan og økonomi gir fullmakt til at Rådmannen administrerer tildelinga. Formannskapet, plan og økonomi er klageorgan. 

Her kan du søkja om midlar.