Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Digital tinging av koronatest

Digital tinging av koronatest

Det er frå no mogleg å tinga koronatest digitalt, utan å ringja koronatelefonen. Telefonen vil vera open for dei som ikkje vil tinga digitalt, eller har spørsmål. Klikk her for å tinga test: Tinging av koronatest 

Gjennom å ha digital tinging av koronatest, håpar Voss herad å unngå at innbyggjarane må venta i telefonkø. Å tinga test er enkelt, og vert gjort gjennom ei løysing som heiter Helseboka. Det krev innlogging med BankID eller BankID for mobil. Den som loggar inn vil få tildelt time, og motta ein SMS som stadfesting på timen. 

For å sikra mest mogleg effektiv drift av testsenteret er systemet lagt opp slik at innbyggjarane har få val av ledig time. I staden vert timane pakka, og tidspunkt for testing vert tildelt etter første ledige time.

Om det ikkje let seg gjera å bruka tildelt time, ta kontakt med testsenteret på telefon 900 89 662. Telefonen er bemanna frå 9 til 12. Testing skjer måndagar, onsdagar og fredagar.